The Left Handed Gun - Filmdagbok

The Left Handed Gun 1958

Westernfilmen The Left Handed Gun frå 1958 med Paul Newman i hovudrolla skuffar. Det er ein langsam og overdramatisk affære om Billy the Kid, der Paul Newman spelar den berykta og lovlause. Det skal også nemnast at eg ikkje visste at dette skulle handle om Billy the Kid på førehand, men tok ein sjanse på filmen med blanke ark.

Eg har nyleg høyrt ei historie om Billy the Kid i serien The American West, og dette kom litt for tett på. Spesielt når alt i denne filmen går så langsamt. I tillegg overspelar Paul Newman med langsame rørsler for å skape dramatikk gjennom kroppspråk og ansikt. Eg har sett noko liknande frå denne perioden hjå Marlon Brando og James Dean, men tykte det blei for drygt her.

Eit anna problem med filmen er kor dumme ting enkelte av karakterane gjer. Det kan godt hende dei var sopass forstyrra på ekte at sånt skjedde, men når dumme val blir gjort gong på gong i løpet av 100 minuttar film, så blir det litt slitsamt om ikkje så mykje anna skjer.