
The Lego Movie
Animasjonsfilmen The Lego Movie er ein unekteleg visuelt attraktiv sak, som imponerer heile vegen med sitt detaljerte og fantasifulle ytre.
Eg lar meg stort sett underhalda og more av det meste her, men blei ikkje heilt fengsla. Det er to enkle grunnar til det, historia er tynn og mange av stemmene er sopass kjente at dei drar meg ut av fantasien filmen skal vere.
Tom Gillespie på The Wrath of Blog (the-wrath-of-blog.blogspot.com) finn meir i den enkle historia enn eg gjer. Han meiner leiken med reglar og fri fantasi gir filmen eit innhald som passar sjølve legoideen, og rosar også stemmene. For meg blir dei kjende røystene lett ei påminning om skodespelarane bak figurane. Det visuelle held meg underhalden, men eg blir ikkje like godt verande inne i denne verda.
Dette er nok for meg til å redusere vurderinga av filmen frå god til ikkje fullt så god, men er ikkje nødvendigvis utslagsgivande for andre som ser han.
Fordi filmen elles ser så bra ut og er fullpakka med varierte inntrykk, er det ein vanskeleg film å rangere til slutt, då han fell mellom to stolar.
