The Lemon Drop Kid - Filmdagbok

The Lemon Drop Kid 1951

Bob Hope er the Lemon Drop Kid i denne førjulskomedien. The Kid er vanekriminell, hamnar såleis i trøbbel og skylder 10 000 amerikanske dollar som må betalast innan første juledag. For å få det til må han sette i spel eit langt større innbringande lureopplegg enn vanleg.

The Lemon Drop Kid er ein grei og fin komedie, men han tar aldri av. Filmen byr mest på godt humør, og lite eller ingenting på scener som manar fram latteren. Verken romantikken eller det sentimentale når spesielt langt heller.

Men litt julestemning kjem gjennom, utan at det er nok til å plasserer filmen i noko julefilmkanon.

I ettertid er nok songen Silver Bells det som har blitt den mest hugsa delen av filmen. Denne og dei andre songane er blant dei beste delene av filmen, men er heller få.