Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Libertine (2004)

The Libertine

Film
2

Ikkje heilt min type film dette her. Men når eg først hadde sete meg ned med han, så såg eg han ferdig. Johnny Depp og Rosamund Pike gjorde to gode jobbar meiner eg. Spesielt sistnemnde la eg godt merke til i eit par scener.

Eg har ingen dårlege ord å seie om filmen, bortsett frå det at mykje av meininga forsvann når eg ikkje hadde undertekstar. Eg trur at han ville gjort betre inntrykk på meg dersom eg hadde fått med meg all dialog, og ikkje berre essensen i dei fleste. Difor vil eg ikkje gi noko avsluttande meiningsytring denne gongen, ettersom eg tenker at eg ikkje har grunnlaget nok for å verken kunne anbefale eller rå folk mot å sjå filmen.

Den omstendelege dialogen blir omtalt som full av vidd på Queering the Closet (queeringthecloset.blogspot.com), sjølv om skribenten meiner det mørke uttrykket gjer heilskapen tung og kjedeleg. Johnny Depp og Samantha Morton får derimot mykje ros. Det gir ein peikepinn om kva eg kan ha gått glipp av utan undertekstar. Eg vil framleis ikkje bruke andre si vurdering som erstatning for mi eiga, men dialogen er openbert noko eit eventuelt gjensyn må få betre fram.