Ikkje heilt min type film dette her. Men når eg først hadde sete meg ned med han, så såg eg han ferdig. Johnny Depp og Rosamund Pike gjorde to gode jobbar meiner eg. Spesielt sistnemnte la eg godt merke til i eit par scener.
Eg har ingen dårlege ord å sei om filmen, bortsett frå det at mykje av meininga forsvann når eg ikkje hadde undertekstar. Eg trur at han ville gjort betre inntrykk på meg dersom eg hadde fått med meg all dialog, og ikkje berre essensen i dei fleste. Difor vil eg ikkje gi noko avsluttande meiningsytring denne gongen, ettersom eg tenker at eg ikkje har grunnlaget nok for å verken kunne anbefale eller rå folk mot å sjå filmen.