
The Lincoln Lawyer
Etter fleire kjipe filmar har eg ikkje det beste forholdet til Matthew McConaughey. Men litt trua har eg etter We Are Marshall og ein god porsjon nysgjerrigheit som følger av godorda som The Lincoln Lawyer har hausta. Dette gjorde at eg valde det rette og såg filmen.
I The Lincoln Lawyer møter me advokat Mick Haller (Matthew McConaughey), ein munnrapp, smart og kreativ advokat med stort hjarte. Han får tildelt ei sak, som knyter seg til ei anna sak, møter folk som er involvert på kvar sin måte, og så er det nokon problem som må løysast. Ingen vits å gå i detalj her.
Det flotte med The Lincoln Lawyer er ikkje berre rolla som er skreddarsydd for Matthew McConaughey. Me får også servert ei passe smart historie. Filmskaparane veit akkurat korleis dei skal la henne falde seg ut over tid. Her er det ingenting som er påtatt innvikla, får oss til å vere den dumme sjåaren eller blir lagt opp som altfor opplagt. I tillegg har filmen ein gjennomarbeidd stil. Miljøet og det visuelle grepet passar godt i lag. Og ikkje minst er dialogane i denne taledrivne filmen stort sett velformulerte og interessante.
Med tanke på historia ser eg ikkje på dette som ein utan vidare fantastisk eller nyskapande film, men han er godt gjennomført.
Scott Mendelson på Mendelson’s Memos (scottalanmendelson.blogspot.com) meiner filmen viser korta litt for tidleg, men rosar både Matthew McConaughey og eit plott der sjølve lovverket skapar problema. Eg er meir nøgd med porsjoneringa av historia. Me er likevel samde om at dette ikkje treng å finne opp sjangeren på nytt. Gode folk, eit tydeleg miljø og ei smart utføring kan vere meir enn nok.
