Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Lion King (2019)

The Lion King

Film
4

Nokon gonger er nyinnspelingar av filmar unødvendige. Men med denne typen animasjonsfilmar ser eg poenget med at ei nyinnspelinga vil kunne gjere at historia blir tilgjengeleg på nytt for eit nytt publikum.

Den tekniske prestasjonen imponerer òg skribenten på The Film Blog (thefilm.blog). Men omtalen meiner nyinnspelinga gjenbruker for mykje og gir for lite nytt, slik at ho blir mindre engasjerande enn originalen. Eg finn større glede i å sjå den kjende historia få dette uttrykket. For meg er det vakre og realistiske arbeidet ein del av grunnen til at filmen fungerer, sjølv om forteljinga ikkje blir fornya særleg mykje.

Eg likte The Lion King veldig godt. Det er ein skjønn film, som det verkar som at det er lagt store mengder arbeid i. Ta fjellstrukturen, den var fantastisk og veldig realistisk. Eg har høyrt nokon som har trudd at dyra var ekte dyr, men eg veit ikkje om dei meinte det.

Historia er upåklageleg. Det er rørande, fint, med stort sett god musikk og fine stunder. Populærmusikken kunne ha blitt latt vere, men resten av filmmusikken er god.