The Little Death - Filmdagbok

The Little Death 2014

The Little Death er ein film med mange historier, der enkelte av historiene er knytt i miljø, menneskelege relasjonar og tid. Men i hovudsak er det eigne forteljingar som fungerer på eiga hand. Og felles for alle historiene er at dei handlar om parforhold og sex.

Dette er ein film som typisk prøver å sei noko, og som må ha fleire historier for å sei det. Dette er ei vanskeleg oppskrift å få til for ein fullkommen film. Spesielt når mange av poenga krev andre tiltak enn kjente og lette måtar å nå ut på. Og det dermed blir eit litt uvant resultat. The Little Death er ikkje den drygaste på dette område, men har særtrekk som gjer han annleis enn eit gjennomgåande engasjement frå start til slutt.

Det sagt, så har filmen interessante små historier av varierande art. Enkelte klarer i løpet av få minuttar å skape godt engasjement, andre går forbi utan å by på stort.

Det absolutte høgdepunktet er det avsluttande innslaget. Enkelt oppsummert handlar det om ein fyr som har ein videosamtale med ein døvetolk som tolkar ein telefonsexsamtale. Dette er det ypparste gjennomførte med tanke på blanding av humor og kjensler eg har sett på lenge, og er åleine med på å trekke opp resten av filmen og gjere han verdt å sjå.