Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Living Daylights (1987)

The Living Daylights

Film
3

Timothy Dalton som James Bond har eg sansen for. Etter å ha fått nok av den litt slappe og nonchalante stilen til Roger Moore, er stilen til Timothy Dalton og filmane han er i meir actionprega og frekk.

The Living Daylights er altså ein mellomting mellom det lett humoristiske og det meir alvorlege. Ei akkurat passe mengde av begge delar, til både å framstå som passe James Bond-aktig og vere ein kurant actionfilm.

William Schoell på Great Old Movies (greatoldmovies.blogspot.com) framhevar kor menneskeleg og truverdig Timothy Dalton gjer James Bond. Han set pris på at filmen dempar den meir tullete sida ved serien, samstundes som actionen framleis leverer. Det er mykje av same balansen eg likar. Timothy Dalton gir rolla ein friskare energi utan at filmen mistar all den lette underhaldninga eg ventar av James Bond.

Dette er både på linje med tidleg Pierce Brosnan-James Bond i GoldenEye, og tidleg Daniel Craig-James Bond i Casino Royale. Den same friske framtoninga.

Med tanke på handlinga er det lite nytt å skrive om. Dette er ei typisk blanding av historie som går verda rundt. I sentrum er nok greier med Sovjetunionen, og det passar i grunn greitt.