Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Lord of the Rings: The Two Towers (2002)

The Lord of the Rings: The Two Towers

Film
4

Tolv år etter er The Lord of the Rings: The Two Towers framleis ein solid film. Der musikken om mogleg har blitt betre, og berre ein ørliten del av dei visuelle effektane framstår som dårlegare etter dagens standard.

The Lord of the Rings: The Two Towers er den andre filmen i The Lord of the Rings-trilogien. Frodo (Elijah Wood) og Sam (Sean Astin) nærmar seg grensa til Mordor. Der ligg Mount Doom, vulkanen som kan øydelegge den mektige ringen.

Merry (Dominic Monaghan) og Pippin (Billy Boyd) møter dei levande trea, ents, og vender seg mot Isengard der Saruman (Christopher Lee) held til. Resten av folket når landområdet Rohan, og hjelper menneska der i det hæren til Saruman går til angrep mot dei.

Filmen går ei fin linje mellom det nære og personlege, og dei store og mange kampscenene. Med så mange karakterar som filmen har, så blir dette som fleire filmar i ein, og det er ingen fare for at kvar enkelt del drar ut. Rett nok kjem ikkje alle karakterane så mykje nærare målet her heller. Den utvida versjonen av filmen er i underkant av fire timar lang, og ettersom eg har sett filmen fleire gonger før er det uaktuelt å sjå han samanhengande.

Skribenten på Starlight and Saucepans (starlightandsaucepans.org) er meir kritisk til balansen mellom menneska og dei store hendingane. Fleire konfliktar verkar påtvinga, og slaget blir langt, sjølv om Gollum får mykje ros som ein samansett figur. Eg opplever heilskapen som meir vellukka. Skifta mellom dei ulike reisene gir meg nok variasjon til at det nære og det storslåtte held kvarandre oppe gjennom den lange filmen.

Tanken bak å berre sjå denne eine filmen i denne omgang, var å finne ut om han står seg godt åleine. Konklusjonen er ikkje klar. På ei side så skjer det så mykje at det ikkje står på underhaldningsverdien sånn sett. På den andre sida er dette som den andre av tre filmar ei ufullstendig historie. Detaljane frå dei andre er byrjar å forsvinne, så The Lord of the Rings: The Two Towers gir meg lyst til å oppleve både starten og slutten. Men sett som ein sjølvstendig film er det eit ufullkommen eventyr. Eit eventyr utan tvil, men der eg berre får reise, og ikkje endinga.