The Losers - Filmdagbok

The Losers 2010

Ei gruppe leigesoldatar blir hyra til å utføre eit oppdrag i den brasilianske jungelen, men blir dolka i ryggen av oppdragsgivaren etter utført oppdrag.

For å skrive den korte setninga var eg nøydd til å lese meg opp igjen på filmen. For The Losers er ikkje meir enn ein lunken actionfilm utan den store handlinga eller dei mest spektakulære sekvensane. Han er mest av alt kjedeleg, og prøver for hardt å vere tøff.

Lettfordøyeleg actionfilm er ein fin ting, men det finst ei rekke krav der alltid nokon må vere oppfylte for at filmen skal lykkast. The Losers er klar over dette, men viser for tydeleg at han siktar mot desse. På grunn av dette feilar mellom anna humoren, som var den biten som faktisk kunne ha redda filmen.