The Lost Weekend blir like fullt ei historie om alkoholen som mannen bak flaska, Birnam (Ray Milland). Dette utdraget frå livet hans, denne romankarakteren Billy Wilder har levandegjort, blir ei handling i notid både i forma og med tanke på at det alltid er notida som gjeld for Birnam.
The Lost Weekend fungerer på så mange plan. Det er ei tragisk historie, men ho er ikkje trist. Med gode karakterar som du ikkje vil like på grunn av eigenskapane. Med god dialog og rabling du har høyrt tusen gonger før. Her er det meste og det beste i ein god mikstur.