Det tok tid før eg fann ut om eg likte The Lovely Bones eller ikkje. Peter Jackson, regissøren bak The Lord of the Rings, King Kong og herlege splatter-filmar, står bak denne thriller- og fantasifilmen om seriemord og livet etter døden.
Unge Saoirse Ronan set oss innleiingsvis kjapt inn i handlinga som forteljarstemma til filmen. Karakteren hennar, Susie Salmon, vil dø ein tidleg død som følge av mord. Eit tidleg innblikk i planane til mordaren er med på å leggje dette opp til å bli ein dyster og spenningsrik film.
Samarbeidet mellom Saoirse Ronan og Peter Jackson, var trekkplasteret som fekk meg til filmen. Saoirse Ronan leverte nyleg ein fantastisk prestasjon i agentthrilleren Hanna, mens Peter Jackson har eit solid nok resymé som det er.
Etter kvar som filmen får utspringe seg så byrjar han å miste grepet på kva slags film han skal vere. Den mørke sida blir tona ned og forsvinn tidvis. Dataanimerte fantasilandskap tar over når me rører oss i lag med Saoirse Ronan over i tilvære etter døden. Hopp frå den håplause kvardagen til familien Salmon til lyse fantasiar og tilbake blir fast inventar og hindrar meg i å bestemme meg for om dette er ein glad film om mord, eller om det er ein trist film om paradiset.
Som i King Kong går Peter Jackson i The Lovely Bones løpsk med spektakulære dataanimasjonar. Problemet er at dei ikkje er med på å byggje opp under filmen i særleg grad.
Sjangerblandinga The Lovely Bones på over to timar blir ein stadig trøyttare affære til lenger ut i filmen me kjem. Med unntak av eit innslag, ei tradisjonell kryssklypt innbrotsscene som er både nervepirrande og spennande, bit eg meg ikkje merke i noko som skil seg ut som over gjennomsnittleg.
Heller ikkje Mark Wahlberg, Rachel Weisz eller Stanley Tucci bidrar til å heve nivået. Unntaket er den fabelaktige Susan Sarandon som med sneipen i kjeften og konstant promille er blant dei få komiske avbrekka som passar inn.
Eg har hamra inn nok negative merknader om The Lovely Bones. Faktum er at han ligg nærare å vippe oppover enn nedover på karakterstigen. Kritikken i innlegget er først og fremst hinder for filmen i å nå potensialet sitt, som er å vere ei grei og delvis original thrillersak. Og sett bort frå lengda er The Lovely Bones ein film som går an å leve med, men det blir inga anbefaling.