The Lucky One - Filmdagbok

The Lucky One 2012

Zac Efron spelar ein eks-militær som slit med fortida, og Taylor Schilling hadde ein bror som ho mista i krig i Irak. Vegane deira møtes då Zac Efron oppsøker Taylor Schilling for å fortelja om bilde av henne han fann i Irak, og korleis funnet redda livet hans. Han har ikkje mot til å fortelja det då dei møtes, men slår seg ned og får seg ein jobb i den idylliske småbyen der ho bur.

Bak boka som blei The Lucky One står Nicholas Sparks, mannen bak bøker som har blitt til The Notebook, Dear John og Safe Haven. Idylliske og romantiske filmar som er både triste, rørande og glade. Og sånn er denne filmen også. Ei fin og dramatisk sak, som er gripande men endar bra. Rett og slett ein film i god stemning, med tyngdepunktet på byrjinga av ein romantikk.

Kjemien stemmer mellom Zac Efron og Taylor Schilling, og deira speling mot kvarandre blir ei eg set pris på undervegs. Zac Efron har utstråling, og er ein skodespelar du enten elskar eller hatar, og eg har fått meir og meir sansen for hans kjekke, men samtidige gode evne til å spele karakterar med såre sider. Han har det som blir kalla eit godt nærvær.

Du veit i grunn godt om du likar filmen ved å tenke på dei andre eg har nemnt her, og ved å vurdere konnotasjonane du får av filmplakaten. Meir treng du ikkje vite.