
The Makeover
Ei politikarkvinne tapar valet om å bli kongressmedlem, men får sjansen igjen året etter. Ho ser potensiale i å førebu ein annan og meir folkeleg kandidat enn ho sjølv til å stå for hennar saker.
Kvinna er Julia Stiles. Mannen David Walton. Ho spelar stiv og formell, han spelar folkeleg. The Makeover er ein typisk romantisk komedie med dei kjente ingrediensane som stereotypar, å føre folk bak lyset, tiltrekking i motsetningar, føreseieleg struktur og meir. Det er nesten godt nok til å vere ein dårleg kinofilm, men det er bra til å vere ein Hallmark tv-film.
Det er ikkje så mykje å hoppe høgt for når det gjeld komedie. Men romantisk sett er dette tilfredsstillande på det lettaste og ledigaste nivået. Utover det spelar trynefaktoren til for min del kjente skodespelarar inn ein liten del, og dermed er The Makeover god nok til å bli likt.
David N. Butterworth på La Movie Boeuf (lamovieboeuf.wordpress.com) finn også noko triveleg i det føreseielege. Han meiner Julia Stiles leverer trass i eit tynt materiale, og trekker fram Camryn Manheim som eit godt innslag. Det er nær det eg sjølv sit igjen med. Dei kjende ansikta og den enkle sjarmen er nok til at eg blir med, sjølv om filmen ikkje gir meg særleg å bli overraska over.
