The Maltese Falcon - Filmdagbok

The Maltese Falcon 1941

The Maltese Falcon handlar om mord og mysterium. Sam Spade, Humphrey Bogart i ei av sine meir ikoniske roller, er etterforskaren som blir drege inn i skotlinja mellom manipulerande og farlege folk på jakt etter ein eksklusiv statuett.

Spade er ikkje dum, han kan vere med på spelet om han må, men det er fullt ut farleg. Dette er god mystikk og ein stilfull film med ei intens stemning, som film noir er han slettes ikkje dårleg, tvert i mot. Mykje takka vera plasseringa av Humphrey Bogart som den smarte, oppmerksame og avslappa Spade, men som ikkje fungerer som ein typisk heltefigur.