
The Man From Utah
The Man from Utah er ein tidleg John Wayne-film frå B-filmperioden hans på 1930-talet. Nokre av desse tidlege westernfilmane med han i har blitt fargelagt i ettertid, men denne såg eg i opphavleg svart og kvit.
Etter nyleg å ha skrive om Blue Steel, ein annan John Wayne-film som kom ut same året, vil eg her nemne at dette er ein av dei mange filmane han spelte i lag med George 'Gabby' Hayes i. Ein skodespelar som kan skilte med 195 krediterte rollar i si aktive karriere frå 1919 til 1950.
I denne filmen inngår desse to karane eit samarbeid om å ta ein svindlarbande på fersken. Det skal vere eit stort rodeo i området, og marshallen spelt av George 'Gabby' Hayes har mistanke om at ein bande saboterer motstandarene for å stikke av med hovudpremien. Den unge mannen John Wayne er dyktig på alt frå riding til pistolskyting og blir med på å delta i konkurransen for å ta banden.
Det er eit sånn passe B-filmpreg over dette, enkelt som det er. Og lengda er på under ein time. Det unike med filmen for min del er den store mengda show- og rodeoinnslag. Dette er tydeleg arkivfoto, men er likevel godt brukt og gjer at filmen på sitt vis får gått i djupna og skil seg ut.
Rodeoinnslaga får òg ros frå Frank Showalter på Frank’s Movie Log (franksmovielog.com). Han meiner arkivmaterialet bidreg til at dette er ein av dei betre Lone Star-filmane med John Wayne, trass i ei svak opning. Eg går ikkje like langt i anbefalinga, men er samd i at rodeoen gir den enkle historia noko ekstra.
The Man from Utah er nok ikkje den første B-filmen med John Wayne eg vil anbefale, men er fin underhalding for spesielt interesserte.
