
The Man with the Golden Gun
Berre eit år etter sin første James Bond-film, dukka Roger Moore opp for andre gong som den britiske spionen. Denne gongen i ein film kor han bokstaveleg talt møter ein mann med ein gylden pistol.
Etter at James Bond set i ging å leite etter ein mann som han trur er i eige av solcelleteknologi, blir han eit mål for ein leigemordar. Ei kule med 007 inngravert i seg dukkar opp, og vegen til å avdekke skurken som har namnet Scaramanga, må gå via å finne og overleve leigemordaren. Ein fyr som på sett og vis leiker med James Bond.
Denne filmen har ei grei historie som er passe enkel å følge. Filmen kjennest noko lang, som er mi største innvending. I lag med at Roger Moore er ein noko kjedeleg James Bond utan nok glimt i auget.
Den enkle historia blir òg eit pluss for W. L. Swarts på W. L. Swarts Reviews the Universe (wlswarts.blogspot.com). Han likar å sjå James Bond følge spor og gjere etterforskingsarbeid, men saknar nyansar i karakterane og meiner Roger Moore får lite å spele på. Det er ei grei utdjuping av den blanda opplevinga mi. Handlinga fungerer, medan hovudpersonen ikkje heilt får liv.
