
The Man with the Smallest Penis in Existence and the Electron Microscope Technician Who Loved Him
Film
2
Dette er en snodig animert kortfilm om ein fyr med ekstremt liten penis, og ei dame med eit mikroskop som blir forelska i han.
Filmen manglar komedie, og er på sett og vis også ekkel. Det er ikkje så mykje meir å seie om han enn som så. Det er eit forsøk, men eit dårleg eit. Den beste vitsen her er tittelen til filmen, som også fungerer som eit handlingsreferat.
Edgar Cochran på Letterboxd (letterboxd.com) meiner også tittelen er morosamare enn sjølve kortfilmen. Han finn lite meining i det absurde og opplever ikkje at det blir ein vellukka parodi. Det er nær mi eiga innvending. Ein snodig idé kan vekke nysgjerrigheita, men her verkar det som om det meste av poenget er brukt opp før filmen eigentleg har komme i gang.
