Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Many Adventures of Winnie the Pooh (1977)

The Many Adventures of Winnie the Pooh

Film
3

The Many Adventures of Winnie the Pooh er ein Disney-film frå 1977 om Ole Brumm, Kristoffer Robin og dei andre dyra i Hundremeterskogen.

Filmen er ei samling av fleire små historier, og som er knytt i lag med eit artig forteljargrep. I The Many Adventures of Winnie the Pooh har forteljaren ein dialog med Ole Brumm, som er karakteren i ei bok som forteljaren les. Dette resulterer i artig innspel som når Ole Brumm kommenterer at han ikkje vil bli med over til neste kapittel og historie i boka. Eller som at forteljaren viser til sider i boka, og overgangen blir animert ved at teikneseriefigurane hoppar frå ein illustrasjon til ein annan i ei bok.

Det er søte små forteljingar, med artige og unike karakterar som passar godt for både barn og vaksne. Filmen byr på stor variasjon av alvor og humor, og evnar å formidle fantasien til gutungen Kristoffer Robin på ein god måte, sjølv om han som karakter blir halde i bakgrunnen stort sett.

Det leikne forholdet til boka blir òg trekt fram av Kevin Lyons på The EOFFTV Review (eofftvreview.wordpress.com). Han rosar korleis forteljaren hjelper karakterane, og korleis dei kan hoppe mellom sidene. Eg likar nettopp at ramma rundt historiene blir ein del av humoren. Dei små forteljingane får meir liv når figurane kan svare attende til den som les om dei.

Eg såg The Many Adventures of Winnie the Pooh i ettertid av Christopher Robin, og han tilførte ein del meining som var til fordel for begge filmane.