Eg skreiv semesteroppgåve om The Matrix om spektakulær estetikk, korleis det spektakulære i filmen er absolutt essensielt for å drive fram historia. Iallfall prøvde eg på det.
Filmen er ikkje den beste, skodespelet er i blant slett og det blir merka. Men om eg ser bort i frå daterte spesialeffektar er dette eit utmerka eksempel på campbelliansk helteforteljing. Få detaljar i historia til Neo er tilfeldige, og det er mange detaljar. Måten det virtuelle og det ekte blir framstilt på er det beste med filmen. Eg er mindre begeistra over actionsekvensane, men tykkjer at mytologien er verdt å få med seg.