The Matrix Revolutions - Filmdagbok

The Matrix Revolutions 2003

Den tredje og siste filmen i The Matrix-trilogien,er The Matrix Revolutions. Dette er ein trilogi som ikkje burde ha blitt laga. Men på anna vis kunne eg også latt vere å sjå denne og for så vidt The Matrix Reloaded.

The Matrix Revolutions er eit framhald av den førre filmen. Kvar for seg er dette to lange og kjedelege filmar, og til saman er dei nær uuthaldelege.

Det er pent å sjå på, men det er omtrent alt. Effektane er blåst opp og pregar mykje av bildet. Dette og historia som blir fortalt gir lite rom for fantasien å fylle ut hola, og endar opp med å bli ei påtrengande sak som fører til for mykje passitivitet hjå meg som publikum. Eg ønsker å ha litt å tygge på.