Det må eg seie, til å vere Disney, familiefilm, sportsfilm og helst for barn, så gjekk dette som smør på glatt is. Eg vil gjere eit forsøk på å samanlikne han med Bad News Bears fritt etter minne.
Trenaren er Gordon (Emilio Estevez) versus Buttermaker (Billy Bob Thornton). I utgangspunktet mislikar dei ungar sterkt. Buttermaker held vel lenge på denne haldninga samanlikna med Gordon, som raskt blir den beste vennen og trenaren for barna, i beste Disney-stil.
Laget, ungane som ikkje gjer det beste på bana, verken på isen eller grasmatta. Det store spørsmålet er kvifor ungane spelar når dei er så dårlege, det er jo ikkje kjekt å tape heile tida. The Ducks er ikkje dei verste eg har sett, og kjem fort inn i ein god rytme med litt lagånd og ein trenar som forstår dei. Bad News Bears er heilt på trynet, og burde aldri ha fått røre ei baseballkølle.
Motspelarane, her i form av Hawks (Ducks versus Hawks, enkel metafor). I Bad News Bears hugsar eg ikkje kva dei heitte, og det får vere det same. Eit av dei første laga me møter, og som klart vil bli motstandaren i skjebnekampen. Ein gjeng med bøller, viss trenar har ingen skruplar for kva som skal til for å vinne.
Utsidaren, den store Fulton Reed og den tøffe Kelly Leak. Naturlege talent på kvart sitt område, blir henta inn utover i filmen. Fulton er urealistisk hard med hockeykølla, Kelly var vel flink i det meste på baseballbana.
Elles er det den feite guten, gutejenta, nerden, talentet og dei andre vanlege spelarane i ulike variantar som går igjen i desse to filmane. Ulik sport, men dei er likevel så like. Bad News Bears skor seg på Billy Bob Thornton som alkoholikar og satsar kanskje på å trekke eldre publikum i tillegg. The Mighty Ducks er ein rein from rags to riches-film, i overført tyding, altså noko som from losers to winners-film. Han lykkast betre til det han er meint å vere enn Bad News Bears. Dette er ingen storfilm, men ein grei sjangerfilm.