The Money Pit - Filmdagbok

The Money Pit 1986

I The Money Pit kjøper Walter (Tom Hanks) og Anna (Shelley Long) eit tilsynelatande stort og pent hus til ein billeg penge. Det viser seg derimot at huset har ei roten kjerne, og alt frå trapper til elektrisitet byrjar å falle frå kvarandre så snart dei har flytta inn.

Filmen tar for seg verste tilfelle og lager komedie av det. Ikkje berre er huset eit mareritt som vil koste tid og pengar, men stresset som følger får konsekvensar for forholdet til Walter og Anna.

Det beste med filmen er den dryge humoren. Det meste som skjer har det med å vere dratt veldig langt, og er stort sett i form av fysisk humor. Utover dette er filmen middelmåtig på sitt beste, og historia som det byggjer på er verken spennande eller spesiell.

The Money Pit er både som film med Tom Hanks og som film generelt ein sak å gløyme.