Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Movie Hero (2003)

The Movie Hero

Film
2

Eg fann ikkje mykje info om denne filmen, men reknar med at budsjettet er heller lågt, likevel om Brad T. Gottfred har fått med seg folk som Jeremy Sisto, Dina Meyer og Peter Stormare.

Jeremy Sisto spelar ein mann med eit publikum. Publikummet er for så vidt oss, og me blir stadig minna på at me er eit publikum. Han travar gatelangs i Los Angeles på jakt etter det som skal til for å gjere livet hans interessant. Det kan vere slemme karakterar eller ei dame å bli forelska i.

Filmen er spesiell og interessant i forteljarstilen og han er godt observant i sine eigne filmteknikkar. Hjå meg fall dette i smak, men filmen kunne godt ha gått litt hurtigare og hatt litt tydelegare konfliktar. No er hovudrolla berre ein vanleg mann, så livet hans er ikkje det mest spennande i utgangspunktet, noko som blir påpeika her. Så The Movie Hero er nok om å skape ei filmsetting framfor å vere ei filmsetting.

Samspelet med oss som ser på, er også sentralt for David Cornelius på DVD Talk (dvdtalk.com). Han meiner Jeremy Sisto si overtyding gjer det lett å godta premissen, og at kjærleikshistoria ville fungert også utan leiken med publikum. Så langt går ikkje eg i rosen. Eg saknar framleis meir fart og tydelegare konfliktar, men likar at filmen bruker sitt eige filmspråk til å gjere eit vanleg liv til noko anna.