Eg fann ikkje mykje info om denne filmen, men reknar med at budsjettet er heller lågt, likevel om Brad T. Gottfred har fått med seg folk som Jeremy Sisto, Dina Meyer og Peter Stormare.
Jeremy Sisto spelar ein mann med eit publikum. Publikummet er for så vidt oss, og me blir stadig minna på at me er eit publikum. Han travar gatelangs i Los Angeles på jakt etter det som skal til for å gjere livet hans interessant. Det kan vere slemme karakterar eller ei dame å bli forelska i.
Filmen er spesiell og interessant i forteljarstilen og han er godt observant i sine eigne filmteknikkar. Hjå meg fall dette i smak, men filmen kunne godt ha gått litt hurtigare og hatt litt tydelegare konfliktar. No er hovudrolla berre ein vanleg mann, så livet hans er ikkje det mest spennande i utgangspunktet, noko som blir påpeika her. Så The Movie Hero er nok om å skape ei filmsetting framfor å vere ei filmsetting.