
The Muppet Christmas Carol
Ei juleforteljng av Charles Dickens har vorte framstelt i tallause variantar, det skulle berre mangle at ikkje dei Jim Henson-skapte tøydokkene skulle få sin eigen.
The Muppets har for vane å få oss til å hygge oss. Det er ingen veg utanom her heller. Sjølv om historia i The Muppet Christmas Carol er litt trist, veit eg at det vil gå bra til slutt.
Stemninga er til å ta på i den mørke og snørike juleforteljinga. Som gamle og gretne Scrooge har me den formidable Michael Caine. Scrooge mislikar både dei glade menneska og sløsinga som skjer rundt juletider i så stor grad at det påverkar dei rundt han til det vondare. Ei natt får han besøk av tre spøkelse som viser innverknaden han har hatt, har og vil kome til ha, viss han ikkje forandrar seg.
The Muppets åleine har vore grunnen til at eg har sett denne tidlegare, men utan det klassiske verket til Charles Dickens kunne fort dokkene ha rota seg vekk i snøen. Dei er ein fryd å ha med å gjere når det er i strikt regi, men kan lett sjangla som ein akevittfull julenisse viss manuset har opning for å gå inn i mellom anna den usikre karakteren til Kermit.
Så det du har her er altså det beste frå to verder. The Muppets i esset sitt og ei kjekk tolking av ei klassisk juleforteljing. Det nydelege tekniske arbeidet skapar nettopp den kulda her og varmen der som trengst for at karakterane skal passe inn i miljøet. Eg kjenner desse kontrastane på kroppen. Det gir meg lyst til å følge karakterane ut filmen.
Respekten for Charles Dickens blir også trekt fram på Taking the Short View (takingtheshortview.wordpress.com). Omtalen meiner dokkehumoren tek vare på både alvoret og medkjensla i historia, og at Michael Caine gir det heile eit avgjerande tyngdepunkt. Det passar godt med det eg meiner om dei faste rammene her. Dokkenes påfunn får blomstre fordi dei har ei forteljing å tene, og då kan både kulden og varmen kjennast heilt ekte.
