Ei juleforteljng av Charles Dickens har vorte framstelt i tallause variantar, det skulle berre mangla at ikkje dei Jim Henson-skapte tøydokkene skulle få sin eigen.
The Muppets har for vane å få ein til å hygga seg, og det er ingen veg utan her heller, sjølv om nok The Muppet Christmas Carol er prega av at historia er litt trist veit eg at det vil gå bra til slutt.
Stemninga er til å ta på i den mørke og snørike juleforteljinga. Som gamle og gretne Scrooge har me den formidable Michael Caine. Scrooge mislikar både dei glade menneska og sløsinga som skjer rundt juletider i så stor grad at det påverkar dei rundt han til det vondare. Ei natt får han besøk av tre spøkelse som viser innverknaden han har hatt, har og vil koma til ha – viss han ikkje forandrar seg.
The Muppets åleine har vore grunnen til at eg har sett denne tidlegare, men utan det klassiske verket til Charles Dickens kunne fort dokkene ha rota seg vekk i snøen. Dei er ein fryd å ha med å gjera når det er i strikt regi, men kan lett sjangla som ein akevittfull julenisse viss manuset har opning for å gå inn i mellom anna den usikre karakteren til Kermit.
Så det du har her er altså det beste frå to verder. The Muppets i esset sitt og ei kjekk tolking av ei klassisk juleforteljing. Eit nydeleg teknisk arbeid er nok med på å skapa akkurat den kulda her og varmen der som skal til for at karakterane fell på plass i miljøet, og at du vidare får nettopp kjenna dei på kroppen og då skapar ei interesse for å følgja med på dei ut filmen.