The Naked Gun 2½: The Smell of Fear - Filmdagbok

The Naked Gun 2½: The Smell of Fear 1991

Eg sparte den andre av dei tre The Naked Gun-filmane til sist. Tanken var at den siste sannsynlegvis var det svakaste, og eg ville slutte med ein betre film, heller enn å sjå filmane kronologisk som eg vanlegvis gjer.

Men for min del er The Naked Gun 2½: The Smell of Fear den svakaste av filmane. Humoren er stort sett den same, men historia er litt for seriøs og prøver å dytte på oss sin eigen ideologi i altfor stor grad. Dette set eg ikkje pris på. Det er den gamle leksa om at olje er dårleg, og statisme er bra.

Det kan også vere fordi eg akkurat har sett Naked Gun 33 1/3: The Final Insult, og kanskje har fått min dose av denne type humor for ei stund, at eg ikkje fattar så stor interesse for The Naked Gun 2½: The Smell of Fear.