
The Naked Gun 2½: The Smell of Fear
Eg sparte den andre av dei tre The Naked Gun-filmane til sist. Tanken var at den siste sannsynlegvis var det svakaste, og eg ville slutte med ein betre film, heller enn å sjå filmane kronologisk som eg vanlegvis gjer.
Men for min del er The Naked Gun 2½: The Smell of Fear den svakaste av filmane. Humoren er stort sett den same, men historia er litt for seriøs og prøver å dytte på oss sin eigen ideologi i altfor stor grad. Dette set eg ikkje pris på. Det er den gamle leksa om at olje er dårleg, og statisme er bra.
Det kan også vere fordi eg akkurat har sett Naked Gun 33⅓: The Final Insult, og kanskje har fått min dose av denne type humor for ei stund, at eg ikkje fattar så stor interesse for The Naked Gun 2½: The Smell of Fear.
Det er lettare å sjå bort frå historia når latteren kjem ofte nok. Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner handlinga knapt er poenget, og at Leslie Nielsen får mykje ut av å spele alvorleg midt i alt det dumme. Eg kjenner att kvaliteten i framføringa, men klarer ikkje heilt å legge resten til side. Her blir historia og det ho prøver å formidle meir merkbar enn eg ønsker i denne typen komedie.
