The Naked Gun: From the Files of Police Squad! - Filmdagbok

The Naked Gun: From the Files of Police Squad! 1988

Police Squad! var ein kortlevd serie frå 1982 med Leslie Nielsen som politimannen Frank Drebin. Og filmen The Naked Gun: From the Files of Police Squad! er ei gjenoppliving av mykje av det som var i denne serien.

Først og fremst karakteren, men visstnok også ein del av vitsane. Det gjer ingenting. Her er det sydd saman til å bli ein flott komedie, med mange artige poeng heile vegen.

Ein av tinga eg har sansen for her, er at filmen aldri tar pause. Det er ikkje meininga at alle poeng og vitsar skal bli dvela lenge ved. Då kan du heller sjå filmen ein gong til. Ting skjer i bakgrunnen, forgrunnen, samtidig og så vidare.

Den sentrale handlinga er også over toppen. Nokon har planer om å drepe dronning Elisabeth II. Vår helt som reddar dagen, trass i inkompetanse sin, er Frank Drebin.