Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Naked Spur (1953)

The Naked Spur

Film
4

I The Naked Spur spelar James Stewart ein dusørjeger. Han skal ha tak i ein mordar, og får uønskt støtte av to tvilsame karakterar. Når han endeleg får tak i mordaren, så har han selskap i ei yngre dame.

Vegen frå langt uti den ville naturen der Kemp (James Stewart) fangar Vandergroat (Robert Ryan), tilbake til sivilisasjonen, er full av farar og interne konfliktar. Karakterane er blandingar av gode og dårlege sider. Helten som er Kemp, har tvilsame motiv. Vandergroat som er skurken, har eit par gode sider. Dei tre andre karakterane er tilsvarande. Og når lite blir sagt, tar det tid å få vite sanninga. Dette held filmen på tærne så lenge som nødvendig.

På vegen er det også plass til ein dose romantikk og fleire skytescener. I grunn alt som skal til for å gjere dette til ein real western. At filmen er spelt inn i Rocky Mountains gir handlinga eit spennande og varierande, og samtidig ekte bakteppe.

Fjella og fargane får mykje ros på TSorensen 1001 Movie Blog (tsorensen1001.blogspot.com), men skribenten meiner skodespelet forklarer personane altfor tydeleg. Der har me ulike opplevingar. For meg held dei blanda motiva og den langsame avklaringa av kven eg kan stole på spenninga i gang. Naturen blir meir enn eit pent bakteppe når menneska må halde saman på ein veg full av konfliktar.