Frå første scene er det tydeleg at dette er ein Terrence Malick-film med mange av hans kjente trekk. Som kunstnariske bilder, stemningsfull og litt monoton musikk, tidvis lite snakking og litt i blant poetisk monolog.
Med litt uklar engelsk tale er det synd at Amazon ikkje klarer å diske opp synkronisert underteksting på filmen. Men det gjekk seg likevel greitt til utan.
The New World fortel historia om Pocahontas. Når det er snakk om ho, er det ikkje til å komme utan å nemne Pocahontas av Disney. Forutan litt skumlesing på Wikipedia, så er det min einaste tidlegare kjennskap til historia om ho.
Sett bort i frå presentasjonsform og sjanger, samt mange detaljer, så er dei store linjene i denne og Disney sin film passe like. Nok til å vite litt av kva som vil komme, eller til å skape forventingar. Og med tanke på at denne Terrence Malick-filmen veit å ta ting i sitt eige tempo, så er det fint å ha noko meir å klamre seg fast til.
Det sagt, så likte eg dette. Det er ein film med ei god historie og eit eige særpreg i tillegg. Eg skulle gjerne hatt undertekstinga på plass for å forstå mumlingen som foregår på mange britiske dialekter, men det får så vere. Det er ei fin kjærleikshistorie som utviklar seg, og har fleire lag ved seg.