
The Number 23
Jim Carrey heng seg opp i talet 23 og finn ut at alt kan koplast til det. Ganske tullete å lage film av, men å tolke alt som ei kopling til talet er visst ganske populært, og det har vore laga film av rarare ting.
Rart i denne samanhengen er ikkje bra. Filmen strevar med å finne eit dugeleg spor å følge, men blir strevande som ein bakfull pingvin på nordpolen. Cheesy bildekonstruksjonar frå boka Jim Carrey blir opphengt i, få forstyrrande bilde og ein familie som faktisk er funksjonabel høyrer i mitt synspunkt ikkje heime i ein slik film. No er rett nok filmen Rated R, men kunne nesten fått PG-13. I Noreg er han meir fornuftig plassert på aldersgrense 15 år.
Når filmen prøver å løyse problema han har skapt, tar han steget heilt ut på jordet. Han ror i land forklaringar som knapt har vore synlege tidlegare. Viss dei er knytte til spor frå før, har dei vore off screen.
Taljakta blir òg for konstruert for skribenten på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com). Der blir alle samantreffa etter kvart slitsame, sjølv om heilskapen får ei meir velvillig vurdering enn hjå meg. Omtalen gjeld ei forkorta kinoutgåve vist i Singapore, så me har ikkje nødvendigvis sett heilt same versjon. Likevel kjenner eg igjen problemet med at historia må bøye seg for at alt skal passe til talet.
Jim Carrey er faktoren i filmen eg stadig kjem tilbake til. Opplagt nok når han er hovudpersonen. Han gjer i og for seg ein god jobb med det tynne materiale han har fått utlevert og det verkar som han er rollefiguren sin i stor grad.
Om The Number 23 er ein film som er verdt å sjå tar eg sterk avstand i frå å ytre meg om, sjølv om eg ikkje slaktar filmen. Sjølv om eg stort sett har ytra meg negativt her.
