
The Omega Man
Robert Neville (Charlton Heston) er det siste menneske på jorda. Skjønt heilt åleine er han ikkje. Gatelangs herjar familien, ein organisasjon av virussmitta, lysvare folk.
Elles framstiller filmen dei virussmitta som passe like vanlege menneske. Dei trur på ei verd utan vanlege menneske, våpen og maskiner, som betyr at dei har ein oppegåande hjernefunksjon. Den verdsomspennande smitten blir sett på som harmen til Gud.
Robert Neville står i vegen for målet deira. Han er immun mot smitten, glad i våpen og mindre glad i familien. Moro tenkte eg ei stund, dessverre er det dårleg gjennomført. Filmen gir lite meining og skodespelarane skuffar.Familien er ein bleik bløff. Lista er lang over dårlege ting, og filmen kjennest lang han også.
Den tomme byen lovar meir enn resten av filmen held, meiner skribenten på Cosmic Catacombs (cosmiccatacombs.blogspot.com). Omtalen rosar den tidlege kjensla av einsemd, men finn skapningane lite overtydande og andre halvdel kjedeleg. Det ligg nær skuffinga mi over gjennomføringa og familien. Charlton Heston får derimot langt meir ros der enn skodespelarane får hjå meg, så me kjem ikkje heilt likt fram til at filmen mistar grepet.
