The Other Guys - Filmdagbok

The Other Guys 2010

The Other Guys er ein buddy cop-film med Will Ferrell og Mark Wahlberg. Dei er politimenn i skuggen av to legender, som dei vil prøve å bli like gode som. Det går ikkje bra.

Filmen spelar på det komiske ved at me ikkje følger heltane, men to politimenn som i ei typisk heltehistorie hadde vorte dei andre fyrane, dei i bakgrunnen av heltehistoria. Derav tittelen The Other Guys.

I forsøk på å vere tøffe og flinke feilar desse to, og det er gøy ettersom Will Ferrell og Mark Wahlberg er to skodespelarar som gjerne spelar ulike roller, og dermed blir eit fargerikt innslag i lag.

Eg har sansen for det The Other Guys prøver å vere og klarar å bli. Dette er artig.