The Outlaw Josey Wales startar idyllisk, men denne idyllen blir fort broten og Josey Wales (Clint Eastwood) blir etter kvart ein lovlaus mann med fleire folk i nakken. Det er likevel ikkje Wales som er skurken her, men soldatar og dusørjegerar.
På flukt frå desse folka, om eg kan kalle det flukt, dannar me oss eit bilde av ein dyktig, avtrekkarglad, men rettferdig person. Innimellom, og då spesielt før filmen får verkeleg etablert seg, kan eg merke at ikkje alt sit som støypt. Dette blir betre, og heilskapsinntrykket av filmen er alt anna enn negativt. Også skytescenene, dei er veldig fine, eller tøffe.
Det meste klaffar eigentleg rundt ein velkjent Clint Eastwood-karakter, denne gongen med eit tydeleg namn. Filmen er forresten regissert av mannen i tillegg, dyktig som oftast.