Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Outsiders (1983)

The Outsiders

Film
3

The Outsiders er først og fremst to ting. Det er ein fest med ei solid samling av kjente skodespelarar i ung alder. Tom Cruise, Rob Lowe, Matt Dillon og fleire.

Det er også ei sippete førestilling. Det er både håplaust og hysterisk og sjå dei tøffe typane snu på ein femøring og grine, klemme og brette ut om drøymar og deklamere dikt.

Det er ingen fantastisk fest, men innimellom tullet er det ei grei historie om harde kår og motsetningar i strid. Filmen er pen å sjå på, den nyaste utgjevinga har også nok av god musikk, så det duger.

Drew Martin på Drew Martin Writes (drewmartinwrites.wordpress.com) blir heller ikkje heilt engasjert av den utvida versjonen, sjølv med alle dei kjende namna i rollelista. Han finn likevel lyspunkt i det dramatiske skodespelet til Matt Dillon og komikken til Emilio Estevez. Eg får også meir ut av enkelte skodespelarar og innslag enn av heilskapen. Det er nok å halde fast ved mellom dei overdrivne kjensleutbrota, utan at det gjer filmen til noko stort.