The Overnight - Filmdagbok

The Overnight 2015

Eit par med barn har akkurat flytta til California, og søker nye venner. Dei møter et anna par frå California, som inviterer på middag med barna, og besøket dryg til overnattingsbesøk for barna. Mens middagen blir til fest for dei vaksne.

Det kaliforniske paret er snodige personar, og det skjer mykje uventa. The Overnight lever på kanten til å vere edgy, går i blant over, men klarar å ro det i land med akkurat passe mengde humor til at det aldri blir usmakeleg eller sleipt. Filmen er dømt til å røre seg i dristig retning, det er klart frå tidleg av, så det er inga stor avsløring frå mi side. Sjå symbolet på filmplakaten.

The Overnight har ein flott gjeng føre og bak kamera. Dette er den andre nyare filmen på ei veke eg tilfeldigvis har komme over der brørne Jay Duplass og Mark Duplass er produsentar. To personar eg gjerne følger, som har det med å involvere seg i dramakomediar som eg set pris på. Føre kamera er det god kjemi mellom Adam Scott, Taylor Schilling, Jason Schwartzman og Judith Godrèche.

Alt i alt likte eg filmen. Eg håpa på ein god film, og tykte at han blei betre enn førsteinntrykket frå dei første minuttane. Han byr på nokon herlege og rare scener. Innimellom er det litt dødtid, men det er sjeldan og varer kort. Trass i store namn på plakaten gir dette inntrykk av å vere ei n smal og typisk dramakomedie frå Jay Duplass og Mark Duplass, men som her er skrive og regissert av Patrick Brice.