
The Paperboy
Handlinga i The Paperboy er lagt til Miami på 1960-talet. Det handlar om eit par journalistar som vil avdekke sanninga om ein dødsdømt fange.
Visuelt er filmen forførande. Fargetonane er pene, om enn etter boka i kjent retrostil.
Handlinga går gongen sin, men det er så vidt nok til å fatte interesse. Det verkar som historia om fangen er mindre viktig enn kjærleiken. Forelskinga til Zac Efron i Nicole Kidman er det eg sit igjen med etterpå.
Forsøk på å trekke inn annan tematikk kjennest tilfeldig og obligatorisk.
Forteljinga mistar retning også for Pete Croatto på What Pete’s Watching (whatpeteswatching.blogspot.com). Han meiner filmen stadig byter kva sidehistorie han vil følge, slik at det blir vanskeleg å vite kva me skal engasjere seg i. Det er ei meir presis formulering av noko av problemet eg kjende. Dei ulike temaa blir ikkje samla til ei historie som verkeleg får tak.
Filmen er ikkje direkte dårleg, men han er føreseieleg og endar opp med å bli verken det eine eller andre.
