The Parent Trap

The Parent Trap

The Parent Trap er ein familiekomedie som kom ut i 1961. Han er regissert av David Swift, og er basert på ei bok av Erich Kästner. I nyare tid har ei anna filmatisering av The Parent Trap, med Lindsay Lohan, blitt laga.

Ettersom eg har sett 1998-filmatiseringa med Lindsay Lohan, hadde eg ei interesse for denne med tanke på å gjere ei samanlikning. Eg forventa ein noko rolegare tone, men mykje av den same historia.

The Parent Trap handlar om to jenter som møtest på ein sommarleir, og finn ut at dei er tvillingsøstrer. Dei startar så å klekke ut ein plan for korleis dei kan få dei fråskilte foreldra sine saman igjen, så dei sjølv kan leve som søstrer.

Hayley Mills spelar begge tvillingsøstrene her. Det er difor ein flittig bruk av samansette bilde, kryssklipping, kameravinklar som berre avslører ansiktet til den eine tvillingen, med meir. Avgrensingane merkast i samanlikning med nyare filmar kor mykje meir kan bli gjort digitalt. Men på ei anna side set eg pris på kreativiteten avgrensingane har ført til. Kanskje fordi filmen ønsker å trekke merksemda mot historia og bort frå avgrensingane.

Hayley Mills spelar godt. Då eg har sett The Parent Trap frå 1998 blir det vanskelege å ikkje samanlikne med Lindsay Lohan. Hayley Mills spelar ein karakter som handlar meir om kjensler, og litt mindre om ulydnad og komedie. Sjølv om ho absolutt har glimt i auget.

The Parent Trap er ein lang film å vere med tanke på sjangeren og målgruppa, som eg antar er familiar og unge ungdommar. Han taklar stort sett lengda greit, sjølv om han i blant blir opplevd som noko saktegåande. Igjen er dette ein tanke som oppstår i samanlikning med 1998-filmen, som har meir å fortelja.

Stort sett svarer filmen til mine forventingar. Eg blei litt skuffa over at filmen ikkje var så tettpakka med innhald som 1998-filmen, men gleda meg over at fleire av karakterane var annleis og interessante på eigne måtar her.

I kva grad eg skal anbefale denne kjem heilt an på kva du er ute etter. Likar du familiekomediar frå 1960-talet er det greit. Vil du berre sjå ei filmatisering av Parent Trap, får du nok meir utbytt av filmen med Lindsay Lohan.