Som tittelen tilseier så blei det ein komedie av Blake Edwards, med Peter Sellers i hovudrolla, som fekk æra av å avslutte den første halvdelen av turen mot tusen innlegg på Filmdagbok. 500 sette filmar sidan mars 2004, og dette er det første ekte Peter Sellers-komedien eg har sett. Being There er nok også ein komedie, men ikkje typisk for Peter Sellers.
Vår morosame venn spelar Hrundi V. Bakshi, ein indisk skodespelar i Hollywood som ikkje kan unngå å lage kaos. Etter å ha øydelagt deler av ei filminnspeling på katastrofalt vis blir han ved eit uhell ført opp på ei invitasjonsliste til produsenten bak filmen i staden for på svartelista. Når han så møter opp på denne festen, som filmen spelar seg rundt, så er det nøydd til å skje mykje rot, uhell og liknande.
Filmen baserer seg på lett humor som på godt norsk blir kalla for bløtkakehumor (fysisk humor) og Hrundi sitt forsøk på å passe inn i det amerikanske samfunnet. Han framstår som ein uintelligent skapning til tider, og har ein fantastisk aksent, Indian English på sitt beste.
Når bløtkakehumoren i tillegg er av den betre sorten, og balanserer midt i mellom slapp og overdriven, så er det duka for vel 100 minuttar med god komedie.