
The Passion of the Christ
Film
3
Ein mellomting mellom treg og kjedeleg. For mykje blod. Eg hadde aldri trudd at eg skulle seie det om ein film.
Filmen skulle ha hatt eit litt større fokus på den bibelske historia han er basert på. Eg hadde aldri trudd at eg skulle seie det heller, men her er historia for tynn.
Matt Page på Bible Films Blog (biblefilms.blogspot.com) saknar tid til å bli kjend med Jesus før lidinga tek over. Han meiner òg mengda vald kan skape avstand, sjølv om han rosar bileta og skodespelet og er meir positiv til heilskapen. Det ligg nær problemet mitt med ei for tynn historie. Eg trong ikkje meir blod for å forstå alvoret. Meir av personen og samanhengen kunne ha gitt det som skjer, større vekt for meg.
