Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Perfect Host (2010)

The Perfect Host

Film
3

Ei kriminell handling sender John på rømmen. Desperat og skada lurer han seg inn hjå ein tilfeldig mann ved å late som dei har ein felles kjent.

Mannen, eller verten, viser seg å vere langt frå normal, og kvelden tar ei spesiell vending.

Clayne Crawford og David Hyde Pierce spelar godt mot kvarandre. Karakterane deira er sprø og uføreseielege nok til å skape den nødvendige spenninga i det avgrensa miljøet filmen går føre seg i.

Filmen utviklar seg til å bli meir enn han legg opp til undervegs. Utbyttet er greitt nok sånn sett. Problemet er at med ein gong du veit noko om filmen, så står filmen på å leve opp eller lure. Og sjølv om karakterane er gode nok til ein ting, så er dei ikkje nok i sitt selskap til å gjere filmen fullkommen. Forsøka på å lure med overraskande utfall framstår difor som enkle utvegar i forsøk på å redde det.

Det rare selskapet gir større utbytte for skribenten på He Shot Cyrus (he-shot-cyrus.blogspot.com). Der blir den midtre delen og den uforgløymelege verten framheva som nok til å vege opp for ein ustø start og slutt. Eg let meg òg underhalde av David Hyde Pierce, men synest ikkje han kan bere alt. Når vendingane må halde filmen gåande, blir dei gode personane til slutt ikkje nok.

Eg ser ofte det eg vil sjå i ein film. Er filmen den perfekte for kvelden er det lett å like, uansett nivå. Det handlar om ei form for utbytte. Og uansett korleis eg ser på det, enten ved å finne dei små tinga eg ikkje likte eller det store bilde, så er The Perfect Host toppen ein grei film.