Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Philadelphia Experiment (1984)

The Philadelphia Experiment

Film
3

Eit eksperiment i 1943 går feil, og David og Jim blir sendt fram i tid.

Eg har sansen for tidsreiser, og måten ulike filmar taklar og forklarer uvanlege hendingar på. Logiske resonnement i sånne filmar er ulike som natt og dag, men er ofte interessante.

Konsekvensane og løysingane varierer i sånne filmar. I The Philadelphia Experiment har alt allereie skjedd, ettersom det er i framtida dei blir sendt. Konsekvensane som er grunnlaget for spenninga er konsekvensane av eit eksperiment, og ikkje direkte relatert til innblanding i tid. Men det er ein god blanding.

Underhaldande og god oppbygging resulterer i ein solid actionfilm.

Skribenten på 30 Years On (70srichard.wordpress.com) skulle heller hatt meir om korleis dei to mennene møter ei ukjend framtid, og mindre jakt og skyting. Dei påtvinga konfliktane tek for mykje plass frå tidsreiseideen. Eg får meir glede av blandinga enn denne omtalen gjer. Eksperimentet gir actionen eit interessant bakteppe, og oppbygginga er god nok til at filmen fungerer som meir enn berre ein idé om å hamne i feil tid.