The Philadelphia Experiment - Filmdagbok

The Philadelphia Experiment 1984

Eit eksperiment i 1943 går feil, og David og Jim blir sendt fram i tid.

Eg har sansen for tidsreiser, og måten ulike filmar taklar og forklarer uvanlege hendingar på. Logiske resonnement i sånne filmar er ulike som natt og dag, men er ofte interessante.

Konsekvensane og løysingane varierer i sånne filmar. I The Philadelphia Experiment har alt allereie skjedd, ettersom det er i framtida dei blir sendt. Konsekvensane som er grunnlaget for spenningen er konsekvensane av eit eksperiment, og ikkje direkte relatert til innblanding i tid. Men det er ein god blanding.

Underhaldande og god oppbygging resulterer i ein solid actionfilm.