- Filmdagbok

The Philadelphia Story

The Philadelphia Story er ein lystig film om journalistikk, bryllaup, kjærleik og personleg økonomi. Det handlar om menneske som ikkje nødvendigvis står for handlingane dei er nøydd til å utføre. Det er frå første stund klart at bryllaupet eg viser til vil vere noko utanom det vanlege.

Cary Grant, Katharine Hepburn og James Stewart er dei tre viktigaste i denne romantiske komedien som veit å bli meir enn overflatisk vrøvl.

Handlinga er passe innvikla. Eg unngår ei oppsummering her for å spare lengda. Det involverer altså journalisten (James Stewart), dama som skal gifte seg (Katharine Hepburn) og eks-mannen hennar (Cary Grant). Møte mellom desse med fleire opnar gradvis for sjølvinnsikt for personar som trudde dei hadde funne sin plass i livet. Dette er komisk innvikla og ikkje minst subtilt, mykje takka vera gode skodespelarprestasjonar.

Etter å ha sett skodespelarane i andre filmar tidlegare forventa eg for mykje denne gongen. Eg sat med kjensla av at det kunne ha vore enda betre.Toppkarakteren uteblir.