Ein ung fyr med stort interesse for å sjekke opp damer på gata, møter ei ung kvinne som ikkje er som dei andre.
Robert Downey Jr. spelar mot Molly Ringwald i denne komedien frå 1987. Han som den store sjarmøren, og ho som ei som lar seg sjarmere ein gong, men ikkje ønsker vidare kontakt. Denne mentaliteten er ny for fyren, og han blir interessert i vidare kontakt i motsetning til henne.
Så er det ei greie med at faren til kvinna skulder nokon pengar. Handlinga i filmen dreier seg mot trøbbelet dette fører til.
The Pick-up Artist er ein av desse filmane som ikkje har tålt tida så altfor godt. Eg har lenge ant et mønster i lette, kriminelle komediar frå 1980-talet, og får det nok ein gong stadfesta her at det er lett å bomme. Men eg vil ikkje slå alle under ein kam heller, det finst positive unntak.
The Pick-up Artist leverer ikkje godt nok. Innsatsen er ikkje høg nok og karakterane er ikkje gode nok.