Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Pill (2011)

The Pill

Film
2

Eit eingongsligg i fylla mellom ein fyr med dame og ei dame utan fyr, blir til ein ufrivillig dag i selskapet til kvarandre dagen etter.

Fyren Fred må overtale dama Mindy til å ta ei angrepille, og forsikre seg om at ho tar pille nummer to tolv timar etterpå. Dei blir sjølvsagt betre kjent i løpet av dagen. Forviklingar oppstår på grunn av at Fred er i eit forhold frå før.

The Pill er ikkje det heilt store. Rachel Boston gjer ein god innsats, mens Noah Bean er ein tam fyr å putte i ei hovudrolle. Eg har heller ikkje sansen for den tafatte tøffelen Fred er.

Det er han eg legg størst vekt på i min kritikk av filmen. Han er trass i alt ein stor del av det kritikkverdige. Resten av filmen har ei kurant historie og små flott vendingar og innspel. Kanskje er dama til Fred, spelt av Anna Chlumsky, i overkant fæl til å vere truverdig. Men hovudsaka er at kjemien er mest einvegs frå Mindy. Og ein romantisk komedie som dette bør ha kjemi begge vegar.

Dei lite tiltalande karakterane gir meir tilbake til Erin Coleman på Netflix Russian Roulette (netflixroulette.wordpress.com). Etter eit nytt gjensyn fann ho noko truverdig i korleis begge brukar kvarandre til å sleppe unna sine eigne problem, men også gir kvarandre litt støtte. Det er eit interessant forsvar for filmen. Eg ser potensialet i den ubehagelege situasjonen, men Fred må fungere betre for at eg skal tru på forholdet mellom dei.