Eit eingongsligg i fylla mellom ein fyr med dame og ei dame utan fyr, blir til ein ufrivillig dag i selskapet til kvarandre dagen etter.
Fyren Fred må overtale dama Mindy til å ta ei angrepille, og forsikre seg om at ho tar pille nummer to tolv timar etterpå. Dei blir sjølvsagt betre kjent i løpet av dagen. Forviklingar oppstår på grunn av at Fred er i eit forhold frå før.
The Pill er ikkje det heilt store. Rachel Boston gjer ein god innsats, mens Noah Bean er ein tam fyr å putte i ei hovudrolle. Eg har heller ikkje sansen for den tafatte tøffelen Fred er.
Det er han eg legg størst vekt på i min kritikk av filmen. Han er trass i alt ein stor del av det kritikkverdige. Resten av filmen har ei kurant historie og små flott vendingar og innspel. Kanskje er dama til Fred, spelt av Anna Chlumsky, i overkant fæl til å vere truverdig. Men hovudsaka er at kjemien er mest einvegs frå Mindy. Og ein romantisk komedie som dette bør ha kjemi begge vegar.